lichess.org
Donér

Sveitserturneringar

Spelar no
Rapid Incrementav Lichess Swiss4/7 rundar7+2 • Snøggsjakk • Rangert
73
Bullet 2+1av • Chess Academy Community •6/21 rundar2+1 • Bullet • Rangert
40
SuperBlitz tournamentav Wolves Chеss Team7/7 rundar3+0 • Lyn • Rangert
21
Qyzmetcupav Qyzmetcup4/7 rundar3+2 • Lyn • Rangert
17
Elite Daily Rapid 10+0av Syeda Faiza Elite Chess Club4/7 rundar10+0 • Snøggsjakk • Rangert
16
Startar om kort tid
SuperBlitz tournamentav Wolves Chеss Team7 rundar3+0 • Lyn • Rangert
11
Blitz Incrementav LiveChess7 rundar5+3 • Lyn • Rangert
8
Troitskyav horde, blitz and rapid tournaments7 rundar10+0 • Snøggsjakk • Rangert
1
BCA SWISS BLITZ XXXVav BCA Prodigies7 rundar3+2 • Lyn • Rangert
1
KRAJIŠKI DIJAMANTIav DIJAMANTI9 rundar3+2 • Lyn • Rangert
1

I ein sveitsarturnering (wiki), er det ikkje sikkert at kvar deltakar spelar mot alle andre som deltek. Deltakarane møter ein motspelar i kvar runde og samansetjinga vert bestemt ved hjelp av eit regelsett som er slik at ein set saman deltakarar med nærast mogleg poengtal, men slik at ein berre møter same spelar ein gong i kvar turnering. Vinnar er den med det høgaste poengalet i alle rundene. Alle deltakarar deltek i alle rundane så sant det er eit partal spelarar i runden.

Sveitsarturneringar kan berre arrangeras av lagleiarar og kan berre spelas av lagmedlemer.
Bli med eller opprett eit lag for å starte å spele i sveitsarturneriangar.

SamanlikningArena-turneringarSveitserturneringar
Lengd på turneringaFørehandsdefinert lengdFørehandsdefinert maksimum antal rundar, men ukjend varigheit
Antal partiSå mange som kan spelas i den tildelte varigheitaBestemd på førehand, likt for alle spelarar
System for parsamansetjingEinkvar tilgjengeleg motspelar med tilvarande ratingBeste samanstilling basert på poeng og uavgjortresultat ("tie breaks")
Ventar på å finne motspelarSnøgg: ventar ikkje på alle spelaraneLangsam: ventar på alle spelarane
Identisk parsamansetjingMogleg, men ikkje direkte etterfølgjandeForbode
Forseinka påmeldingJaJa fram til meir enn halvparten av rundane er påbyrja
PauseJaJa, men talet på rundar kan verte redusert
Vinstrekkjer og BerserkJaNei
Tilsvarar brettsjakkturneringar ("OTB")NeiJa
Uavgrensa og fritt tilgjengelegJaJa
?

Når skal du arrangera etter sveitsarsystemet i staden for arenaturnering?I ein sveitsarturnering spelar alle deltakarane det same antal spel og kan spela mot kvarandre berre éin gong.
Det kan vera eit godt alternativ for klubbar og offisielle turneringar.

?

Korleis vert poenga rekna ut?Vinst gjev eitt poeng, remis eit halvt poeng og tap null poeng.
Spelarar som ikkje får tildelt motspelar i ein runde får eitt poeng.

?

Korleis vert poenga rekna ut ved uavgjord resultat ("tie-break")?Med Sonneborn-Berger skåre.
Adder poenga til dei motspelarane som spelaren vann over og halvparten av poenga til dei motspelarane som spelaren fekk remis mot.

?

Korleis vert parsamansetjingane avgjord?Med Hollandsk system, sett i verk av bbPairings, i fylgje FIDE handbok.

?

Kva skjer dersom turneringa har fleire rundar enn spelarar?Når alle parsamansetjingar har spela ferdig vil turneringa avsluttast og ein vinnar utropa.

?

Kvifor avgrensinga til lag?Sveitsarturneringar er laga for tradisjonelle turneringar med brett og brikker og ikkje for online spel. Turneringsforma krev punktlege, dediserte og tolmodige spelarar.
Desse eigenskapane finn ein truleg heller innan lag enn i opne, globale turneringar.

?

Kor mange halve poeng kan ein spelar få om motspelaren ikkje møter opp i rett tid?Ein spelar får eit poeng kvar gong systemet ikkje finn ein motspelar. I tillegg får spelarar som kjem for seint til turneringsstart eit einsleg halvpoeng.

?

Kva hender ved tidlege remisar?I sveitsar-parti kan ikkje spelarane avtale remis før etter 30 trekk. Sjølv om regelen ikkje beint fram hindrar spelarane å avtale remis, vert det i det minste vanskelegare å få til.

?

Kva hender om ein spelar ikkje møter opp til eit parti?Klokka deira vil gå og dei vil tape partiet. System vil deretter fjerne spelaren frå turneringa slik at dei ikkje tapar fleire parti. Spelaren kan når som helst koma attende til turneringa.

?

Kva hender med spelarar som ikkje stiller opp ("DNS")?Spelarar som registrerer seg for sveitsarturneringar uten å delta, kan utgjera eit problem.
For å forsøke å lindra dette problemet stenger Lichess slike spelarar ute frå sveitsarturneringar for eit visst tidsrom.
Arrangørar av sveitsarturneringar kan på eiga hand like fullt akseptera dei som deltakarar i turneringa deira.

?

Kan spelarar koma til ei turnering etter at den har starta?Ja, heilt fram til halvparten av rundane har starta. Til dømes kan ein spelar koma inn i ein 11-rundars sveitsarturnering fram til sjette runde har starta og fram til sjuande runde i ein 12-rundars turnering.
Spelarar som kjem til turneringa etter at den er starta vert godskrivne med berre eit halvt poeng, sjølv om dei mista meir enn ein runde.

?

Vil sveitsarturneringar ta over for andre turneringsformer?Nei. Dei utfyller kvarandre.

?

Kva med round robin-turneringar?Vi skulle gjerne hatt med Round Robin-turneringar, men diverre fungerar dei ikkje online.
Grunnen er at det ikke finst ein rettvis måte å handtera spelarar som forlet turneringa før den er ferdigspela. Det er ikkje å forvente at alle online-spelarar vil spele alle sine parti, og difor vil dei fleste Round Robin-turneringar verte feilaktige og urettvise. Det næraste ein kjem Round Robin-spel online er i sveitsarturneringar med svært mange rundar. I slike høve vil alle moglege parsamansetjingar verte spela før turneringa endar.

?

Kva med andre turneringssystem?Nett no går vi ikkje med planar om fleire turneringssystem enn dei som allereie finst på Lichess.